Velkommen til oss

Velkommen

Ein perle av eit øysamfunn i Møre og Romsdal.

Vi kan by på flotte opplevingar innen vår fantastisk natur, eit rikt kulturliv, lokale matopplevingar og ein rik historie som strekjer seg tilbake heilt til dei fyrste bosetningane i vår del av landet. Vi kan by på flotte overnattingsfasilitetar for alle typar reisande, hos oss skal du føle deg velkommen. Spesialt Otrøya og Midøya er fjellrike med utfordrande stiar og fantastiske naturopplevingar. Dette har vi gjennom Midsundtrappene lagt til rette for at flest mulig skal få oppleve.

Øyene Otrøy, Midøy, Dryna og Magerøy er knytt saman med bruer og molo, mens øya Tautra ligg som ein oase midt i Romsdalsfjorden. Kommunen ligg sentralt plassert mellom Ålesund og Molde. Ein fjerdedel av den yrkesaktive befolkninga pendlar til fastlandet på jobb, dei fleste til Molde som ligg berre 40 minutter unna. Det er kort veg til flyplassar både i Molde og Ålesund.

Midsund har nye idrettsanlegg og varierte tilbod innen fysisk aktivitet gjennom Midsund IL, i tillegg til eit rikt og mangfoldig kulturliv. Kvar sommar går ildsjeler saman og arrangerer Midsundfestivalen andre helga i Juli. Festivalen er eit samlingspunkt for folk i alle aldrar og er tufta på friluftsliv og kultur.

Næringslivet i Midsund er variert, men samtidig eit resultat av vår geografiske lokalisering med sterk vekt på dei maritime næringane. Midsund har eit sjønært industriareal i Stormyre Industriområde klart for utbygging tett ved internasjonal godkjent hamn.

Midsund har full barnehagedekning, ein god skule som om ikje lenge er ferdig restaurert og gode tilbod til våre eldre og pleietrengande. Kulturlivet står sterkt i Midsund og frivillige lag og organisasjonar har ei sentral rolle i distriktet.

Vi legg stor vekt på å ha eit godt bu- og oppvekstmiljø i heile Midsund.

Velkommen til oss!

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Velkommen til oss