Torpedobatteriet på Klauset

Attraksjon

Torpedobatteriet på Klauset på Otrøy. Festung Norwegen

Alt besøk til torpedobatteriet avtales med Utendørs Midsund!

Mobil: 99238750
E-post: post@utendors.no

Under den andre verdskrigen vart Noreg okkupert av ei stor tysk styrke. I vårt langstrakte land, var eit angrep av dei allierte frå vest ein reell fare for tyskarane. Særleg vart dette aktuelt etter raid i Mæløy og Lofoten, og etter som krigslykka snudde kjem ei landgangsstyrke seg inn Romsdalsfjorden og får gå i land på Åndalsnes, er det kort veg til det sentrale Austlandet og Trøndelag.

Alt sumaren 1940 var tyskarane på plass på Klauset med beslaglagde norske torpedokanonar. Tyske soldatar vart frå først av forlagde i våningshusa i bygda. Slik kom bygdefolket til å leve i nærkontakt med tyskarane. Det oppsto ingen alvorlege episodar og det utvikla seg eit eige språk-klausettysk.

Det var byggearbeid på torpedobatteriet heilt til krigen slutta. Norsk utstyr vart erstatta med tyske torpedoar og det vart bygd eit batteri, sprengd inn i fjellet. Det vart lagt ut minebelter i fjorden og anlegget var utbygd med kanonar/forsvarsverk på landsida.

Det vart bygd eit tilsvarande batteri på Julholmen. Batteria kom aldri i kamp.

Etter kvart vart det bygd opp ein leir på begge sider av bygdevegen. Her var franske og polske tvangsarbeidarar og sivile tyskarar frå Organisasjon Todt forlagde. Det var dessutan spisebrakke, kontor og lager. På det meste var det opp mot 200 tvangsutskrevne polske og franske arbeidarar. Russiske krigsfangar overnatta i ein lekter i Midsundet og vart køyrd med lastebil fram og tilbake. Dei fekk ei dårlegare behandling enn dei tvangsutskrevne franskmennene og polakkane.

Det er to hendingar som er knytt til torpedobatteriet.

Tre franskmenn rømde frå leiren i 1944 og låg i ein hellar på utsida av Dryna, Franskhelleren. Det er sti / veg frå ferjekaia på Dryna og fram til hellaren.

Svein Sømme var lærar på fiskarfagskulen. Under krigen vart skulen flytta frå Gossen til Midsundet. Han var leiar for den norske etterretningsorganisasjonen, XU, på Mørekysten.

Under fotografering av anlegget på Klauset, frå fjellet, vart han oppdaga frå batteriet. Han gjøymde fotoutstyret, gjekk ned til vegen og fortalde tyskerane at han var biolog og såg etter fuglar. Ei tysk patrulje med hund leita i området og fann straks etter det gøymde fotoutstyret.

Dei rykka ut for å arrestere Sømme. Då var han på flukt ut Midsundet i ein motorbåt.  Sømme vart teken og skulle førast via Molde til Åndalsnes. Han rømde frå båten på Åndalsnes og kom seg via Eikesdal over til Sverige. Den dramatiske flukta har Sømme skreve om i boka «En biolog på flukt».

Etter krigen vart leiren reven og våpen og utstyr fjerna. Dei einaste spora etter leiren er restane etter ein jordkjellar på oversida av vegen og den grøne skråninga nedanfor området der latrina låg. Mykje av våpen og utstyr vart dumpa i Romsdalsfjorden.

For eit par tiår sidan vart piggtråd og skrap fjerna frå batteriet, anlegget sikra og tilbakeført til grunneigaren, Hermod Klauset. Tilkomsten til batteriet går gjennom tunet på Hermod sitt gardsbruk.

Sjølve byggverket, batteriet også kalt bunkeren, er i god stand og vil ha ei lang levetid, og her er og andre krigsminner.

Det var eigen gartnar på Klauset. Der det var planta prydvekster står det no den svartelista planta parkslirekne. Den har spreidd seg til mange plassar på innsida av Otrøya, i Midsundet(der Svein Sømme budde) og ved kyrkja. Parkslirekneet vil kanskje vere her like lenge som batteriet.

Av Nils E. Sanden, Midsund Slekt og historielag

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Torpedobatteriet på Klauset