Sandane

Friluft

Sydlandske strender, turstiar og historiske skattar.

Sandane er ikkje berre ein ynda stad for strandliv og friluftsliv. Det ber òg eit historisk sus over seg.

På utsida av Midøya ligg dei finaste badestrendene i Romsdal. Nøre Sanden vender ut mot Harøyfjorden medan Søre Sanden vender mot vest og ligg skjerma til ved Hamnaneset som ligg mellom dei to strendene.

Med etablerte stiar og ein asfaltert parkeringsplass er dette friluftsområdet godt tilgjengeleg for folk i alle aldrar. Sandane er eit område med rike kulturminne og ved parkeringsplassen finn du ei informasjonstavle med QR-kodar der du kan lesa deg opp.

Sandane ligg i grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Søre Midøy låg fram til 1965 under Sunnmørskommunen. Nordre Midøy var ein del av Romsdalskommunen Sør Aukra. Av den grunn eksisterer det i dag to dialektar på Sandane, sunnmørsk på sørsida og romsdalsdialekt på nordsida. Sandane ligg ved skipsleia. På utsida av Hamnaneset ligg det ei naturleg hamn som jektene søkte til i dårleg vêr. Hamnaneset blir rekna som ein kulturell ressurs. Nord for den vestlege spissen av Hamnaneset er fleire små øyar og innanfor desse blir det danna i naturleg hamn: Jektehamna. Dette var òg i vikingtida (800 til 1050) ein viktig hamnestad. På begge side er det bukter med sandstrender.

I 1965 inspiserte Nils Parelius saman med kjentmann Odd Kjell Sjøvik Hamnaneset. Målet var å finna spor av gamle busetjingar. Over heile odden vart det funne fornminne. Nokon var gravhaugar, medan andre funn av steinringar truleg er fra ulike bygningskonstruksjonar. Dette tyder på at funna var etter gamal busetjing. I dag er mange steinringar overgrodd og nokon har vorte delvis øydelagt. Dei fleste steinsettingar som Parelius registrerte i 1925 og i boka «Oldtidsminner i Midsund kommune» s 88-83 vart analysert, og kan framleis bli funne. Sjå òg «Midsund gard og slekt 2» S. 372-373.

I ly bak ein haug, ovanfor Nøre Sanden, ligg tuftene av ein gard som vart fråflytta under Svartedauden. Ved fjellfoten ligg Bjørneremshellarane der dei første innbyggjarane i Romsdal truleg levde. Her gjekk og Riksgrensa mellom Noreg og Sverige i åra 1658-1660. Fram til den største; Sauehellaren, er det bygd ein sti. Der finn du òg eit informasjonsskilt. Hellaren har ein fin akustikk der det mellom anna har vorte arrangert fleire konsertar. Sandane er interessant både i geologisk og biologisk samanheng og samtidig spennande å utforska enten du berre vil kopla av eller søkar historiske skattar.

Ei legende frå vikingtida

Det er ei legende frå vikingtida som tar handlinga frå dette området. I Olav Rekdals bok «Eventyr og segn, folketradisjonar frå Romsdal», frå 1933, er det ei legende med tittelen «Skatten på Bløkallen». (Bløkallen er det høgste fjellet på Midøy). Her fortel Olav Rekdal: Nokre vikingar fortøydde båten i hamna på nordvestsida av Midøy. Om natta hadde høvdingen ein merkeleg draum. Han drøymde at det kom til å bli ein kamp, og han ville sjølv miste livet. Morgonen etter samla han saman med fire av dei beste venene sine alt det sølv og gull han hadde samla – det var så mykje at kunne betala skatt sju år i Noreg. Så rodde dei i land, gjekk opp mot fjellet og grov skatten ned mellom steinane. Neste dag vart det som høvdingen hadde drøymt ein kamp mellom vikingane og forfølgjarane deira. Slaget fann stad på Hamnaneset. Høvdingen vart som han sjølv hadde drøymt drepe, saman med dei fleste av mennene sine. Alle som hadde vore med høvdingen og gravet ned skatten fall, resten av følgjet vart fanga og gjort til trellar. Det skal gå ein geitesti til staden der skatten er gravlagd og sola skin på staden berre når den står i nordvest. Mange har vore på jakt etter skatten men ingen har funne han enno.

Kjelde: Midsund slekt og historielag
Foto: Kathrin Gangstad

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Sandane