Kontaktperson

Helene Kirkeland

Telefon

Adresse

Bygdheim Forsamlingshus,
6475 MIDSUND

Otterøen Revylag

Revy

Revy e stænarti!

Vi er ein gjeng som møtast jamnt og trutt og har det veldig kjekt i lag. Vi skriv eigne tekstar, sketsjar og songar. Her er det stor takhøgde, dårlege vitsar, veldig godt humør og samarbeid. Vi har som mål å setje opp ei forestilling kvart andre år, for å underhalde midsundingane med tull, fjas og ting frå lokalsamfunnet, tatt litt på kornet. Vi har gjengangarar som kjem att gjennom fleire revyar og vi har nye skikkelsar for kvar revy. Publikumstalet for kvar revy vi set opp ligg på rundt 600, noko som er eit utruleg godt oppmøte med tanke på innbyggjartalet. Vi tek på oss eit og anna småoppdraget på si, om folk ønsker å leie oss inn. Vi har hatt oppdrag både lokalt og på fastlandet. Vi er òg å finne på senteret med ansiktsmåling når nokon har leidd oss inn til det. Annakvar sommar prøver vi å vere med på Gapskrattfestivalen. Vi kjem ofte til finalen, men ikkje særleg lengre, då nummera våre har ein tendens til å overstige antal minutt. Vi kunne sjølvsagt prøvd å kutta ned, men det kjem vi aldri på før vi står der…

Ein ting er vi alle einige i;

Revy e stænarti!

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.