Kontaktperson

Magne Reiten

Telefon

Adresse

Nord-Heggdal,
6475 MIDSUND

Nord-Heggdal vel og Nord-Heggdal skiløyper

Velforening

Trivsel for alle i Nord-Heggdal

Nord-Heggdal vel arbeider for eit godt bumiljø, og for å tilrettelegge for at både fastbuande, hytteeigarar og andre besøkande skal få gode opplevingar når dei vitjar vår del av Otrøya.

Nokre av aktivitetane:

  • Kulturelle arrangement i Grendahuset, velforeninga sitt eige forsamlingshus.
  • Utleige av Grendahuset som festlokale. Vi leiger ut til både mindre selskap og til større selskap på 60-70 personar. Kjøkenet er godt utrusta for å servere små og store. Rimelege leigeprisar.
  • Leikeplass ved Grendahuset, særleg til glede for dei små.
  • Turstiar til fjells er bygd og merka av velforeninga. Det er mange flotte turmål med utgangspunkt frå parkeringsplassen ved Nord-Heggdal kapell, og stor trafikk heile året.
  • Bålhuset ved Heggdalsvatnet er eit av mange flotte turmål. Vel-foreninga har bygd og held vedlike bålhuset.
  • Velforeninga køyrer skiløyper om vinteren med eigen snøskuter
  • Ei rekkje andre trivelege arrangement gjennom året, jonsokfeiring, juletrefest, påskefest, allsangkveld og fellesmiddagar i Grendahuset. Hjarteleg velkommen

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Nord-Heggdal vel og Nord-Heggdal skiløyper