Bjørneremshellerane

Attraksjon

Korleis hellerane har vorte til
Hellerane har i hovudsak vorte gravne ut av havet i ei tid då landet låg lågare enn i dag på grunn av trykket frå isen. Sprekker i fjellet har gjort sitt til at båra har grave ut masse og skapt hellerane. Frostsprenging kan også ha spela ei rolle.

Sauehelleren
Sauehelleren har fått dette namnet fordi han har vorte brukt som sauefjøs. Dette er den av hellerane som høvde best som buplass for menneske. Helleren er om lag 21m lang, 3m brei og 10m høg. Høgda ved opninga er noko større enn inst. Opninga vender omtrent mot nord-vest, så sola slepp lite til. Veggene er glatte og ber preg av å ha vorte slipa av havet. Golvet er nesten flatt med ei lita helling mot utgangen. Helleren er ganske tørr – her er ubetydeleg drypp.
Rundt 1910 var botnen dekt av eit nær på 1m tjukt møkklag – fordi helleren hadde vore brukt som sauefjøs. På denne tida vart møkklaget køyrt bort. Under møkklaget kom det til syne kol og oske. Kanskje vart noko av det øverste oskelaget fjerna saman med møkka.
Tvers over inngangen er det restar etter ein mur.
Helleren vart delvis utgraven i 1912. På den tida vart helleren framleis nytta som sauefjøs haust og vår. Det stod  då ei grind om lag 5m innanfor  muren. Denne grinda står ikkje der lenger.

Geithelleren
Geithelleren er ved opninga om lag 20m brei, 15m høg og 10m lang. Frå denne delen av helleren går det eit par smale gangar, 10 – 15m lange, den eine så låg at ein må krype for å komme fram.
Framfor Geithelleren er det ei ur. Botnen i helleren er storsteinete og ujamn. Helleren har derfor høvd dårleg som buplass for menneske.

Lillehelleren
Folket på Bjørnerem hadde ikkje noko namn på denne helleren då A Nummedal var der i 1911 og 1912. Nummedal kalla helleren Lillehelleren.
Denne helleren er liten med ei grunnflate på omtrent 3m x 3m. Høgda er 3 – 4m ved opninga, mindre inst. Framfor helleren ligg det ei storsteinete ur som strekkjer seg nesten bort til Sauehelleren. Tilgangen til helleren er derfor vanskeleg.
Opninga vender mot nordaust, så her blir lite sol.

Utgraving
Sommaren 1911 besøkte A Nummedal øyar på Romsdalskysten for å leite etter spor frå steinalderen. På Midøya kom han i snakk med Peder Bjørnerem og fekk høyre om Sauehelleren og Geithelleren. Nummedal besøkte så desse hellerane og vart overtydd om at det hadde budd folk i Sauehelleren. På denne turen fann han også den minste av hellerane – Lillehelleren.
Nummedal rapporterte om funna han hadde gjort til Tronhjems Museum og fekk derifrå i oppdrag å undersøkje hellerane nærare neste sommar.
Sommaren 1912 kom så A Nummedal tilbake til Bjørnerem – no saman med adjunkt Ryssdal. Desse to hadde som mål å granske hellerane med tanke på om det hadde budd folk der – og i tilfelle når.
Etter å ha sett på alle hellerane bestemte dei seg for å starte utgravinga i Lillehelleren sidan grunnflata her var lita, og dei hadde ikkje så lang tid til disposisjon. Så fekk dei fortsetje i Sauehelleren – så langt dei fekk tid til.
Resultat av utgravinga i Lillehelleren:
Under eit lag av lyng og mose fann dei eit kulturlag, omtrent 20cm tjukt. Kulturlaget var samansett av kolhaldig jord med masse skjel i. Dessutan var her bein av pattedyr, fuglar og fiskar. Dei fann og reiskap av bein, horn og stein (mellom anna ein ongel utskoren av hjortehorn) og skår av eit leirkar.
Nummedal og Ryssdal starta så utgravinga av Sauehelleren. Sidan dei ikkje hadde tid til å grave ut heile helleren, valde dei å grave ut midtfeltet fordi dei rekna med at sjansane for å gjere interessante funn var størst her.
I denne helleren var kulturlaget tjukkare enn i Lillehelleren. Tjukkleiken varierte frå bortimot ein meter til omtrent 40cm. Dessutan var det lagdelt slik at det øverst låg eit lag med kol og oske, så eit mørkare lag som inneheldt mengder av skjel og bein. Dei fann og ymse reiskap av bein og stein (nåler til å sy skinn med, dolk og øks). Dessutan fann dei skår av klebersteinkar og leirkar. Under dette kulturlaget kom det så eit nytt lag med oske. Denne lagdelinga gjentok seg slik at det i alt var tre lag med oske med kulturlag mellom desse.
Oppsummeringa viste at dei hadde gjort funn av i alt 55 dyreartar i desse to hellerane.
Av fisk var det beinrestar av torsk, sei og longe.
Av pattedyr: geit, sau, okse, hund, hest, gris, mus, rotte, ekorn, fjellrev, ulv, bjørn, røyskatt, bever, oter, sel, hjort og nise. Dei fann også eit ribbein av eit menneske.

Av fuglar: fiskeand, grågås, orrfugl, tiur, fjellrype, tårnfalk, ramn, svale, bekkasin, rugde, svartbak, lom, geirfugl, lunde, skarv, havørn, ugle og klippedue.
Dessutan fann dei klør av hummar og krabbe.
Det treng ikkje å vere slik at alle beinrestane er restar etter menneskeleg aktivitet. Nokre kan ha komme dit på annan måte, t.d. ved at rovfuglar/dyr har teke med bytta sine dit. Men i all hovudsak er nok beinrestane restar etter mat som holebuarane har ete der.
Ut frå desse funna må ein konkludere med at dei menneska som budde der, har hatt husdyr, og dei har drive med fiske og jakt. Dei må også ha fiska på djupt vatn sidan her er bein etter longe.
Vi ser at pattedyra og fuglane i hovudsak er dei same som lever på Midøya i dag. Men nokre skilnader er det:
1)    Nokre av dei pattedyra og fuglane det vart funne restar av, lever ikkje på Midøya i dag: ekorn, ulv, bjørn, bever, tiur, fjellrype og geirfugl. (Geirfuglen vart utrydda på 1800-talet.)
2)    Nokre av desse dyra og fuglane er typiske skogsdyr/fuglar (ekorn, bever, tiur) og fortell om at Midøya på denne tida var skogkledd.
Restane av reiskapar av bein og stein er typiske for steinalderen, men skåra av klebersteinkar og leirkar peikar mot folkevandringstida.
Nummedal konkluderer med at funna stammar frå 400-talet.
Dei som budde her, brukte steinalderreiskap sjølv om dei levde i ei tid då jarnet hadde vorte teke i bruk i Norden for fleire hundre år sidan.
Lagdelinga i Sauehelleren tolka Nummedal slik at det hadde budd folk her i tre år – sidan det var tre lag med oske. Han meinte at det var same folket som hadde budd både i Lillehelleren og i Sauehelleren sidan funna er av same type.
Nummedal understrekar at sidan utgravinga ikkje var fullstendig, må konklusjonane hans sjåast på som førebelse.
Noko vidare utgraving har ikkje skjedd sidan.

Bruk i våre dagar
Bjørnremshellerane er mellom dei viktigaste kulturminna vi har her i kommunen. Tilgangen til Sauehelleren er lett med sti frå fylkesvegen.
Mange skuleklassar har vore på besøk her. Det har også vore arrangert konsertar i Sauehelleren. Det er god akustikk her, og det er plass til mange.
Turar hit kan vise oss korleis landet har forandra seg gjennom mange tusen år – og korleis forfedrane våre levde i begynnelsen av vår tidsrekning.
Turar hit kan gje oss både kunnskap og opplevingar.

Kjelder:    –Bjørneremsfundet av A Nummedal

AV: Midsund Slekt og Historielag

http://midsundhistorielag.org/index.php/bjornerem/11-bjorneremshellerane

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Bjørneremshellerane