Kontaktperson
Aina Kirkeland Tangen
Telefon
E-post
Nettside
Adresse
Utsidevegen 411,
6475 MIDSUND
Akslahaugen
Landbruk
Eit levande gardstun
Akslahaugen er eit levande gardstun med sauedrift, hestar, høner, kaninar, gris, geiter og kattar. Vi har skulehage, åker for dyrking av poteter og grønsaker, frukt- og bærtre og juletreproduksjon.
Vi starta opp på tunet i 2008 og har sidan då brukt garden som læringsarena for skulane i kommunen, både heile skuleklassar og enkeltelevar. I tillegg har vi dagaktivitetstilbod til personar med demens, psykisk utviklingshemmede og personar på arbeidstrening.
Vi som arbeider på tunet har lang erfaring i arbeid med barn, unge og eldre. Vi er utdanna adjunkt, aktivitør og sangpedagog. Vi legg til rette for positive, meiningsfylte og trygge opplevingar med fokus på meistring, utvikling og trivsel i dei ulike tilboda på garden. Dei allsidige aktivitetane blir tilpassa kvar enkelt brukar. Vi legg mest vekt på nærkontakt med dyr, fysisk aktivitet, eit heimekoseleg miljø, sunne måltid, musikk og humor.