Emil Ovesen Sjøvik vann Stjernebørsen til lokalavisa Midsundingen i sesongen 2022. No er han og resten av A-laget til Midsund klar for ein ny sesong i 4. divisjon. Lagkapteinen til blåtrøyene leverte ein jamn og god sesong i fjor, sjølv om ny kontrakt i divisjonen vart berga i siste serierunde.