-Kulturskulen ønsker gamle og nye elevar velkomen til eit nytt kulturskuleår! seier Joachim Orvik med eit stort smil. – Vi har kjøpt inn splitter nye instrument til dei nye lokala våre, og det finst framleis ledige plassar på dei fleste instrumenta. Og andre veka i september planlegg vi ei offisiell opning av dei nye lokala med fest og spetakkel på scena.