Lillian Blø Rakvåg (46) har budd på Midøya i 44 år. Av dei to åra borte frå øya, gjekk ho eitt år på folkehøgskule i Sunnfjord, og eitt år budde ho på Hov i Søndre Land. I Hov var ho heimeverande med den nyfødde eldstejenta, medan Nils Stian studerte i Gjøvik. Sjølv har ho tatt det meste av studiar etter at ho flytta heimatt.