– Vi får sjå kvar vinden blæs! seier Inger Anne og Øyvind Overå om bord i seglbåten Con Awa, ein Hans Christian Scandinavian 48 – ein av tre i verda. Første helga i juli la dei ut på segltur over Atlanterhavet, med heile familien. I eitt år skal dei bu i båt.