I byrjinga av 2000-talet flytta eit par unge, håpefulle øyværingar med fersk utdanning og jobberfaring, frå hovudstaden tilbake til Midsund for å etablere seg. Dei oppdaga raskt at ikkje alt låg til rette for ein like god kommunikasjon med omverda her i Midsund, som den dei hadde blitt vant til i Oslo.