Sommaravisa til lokalavisa Midsundingen kjem ut onsdag 21. juni. Avisa vil bli distribuert i heile Molde kommune, i tillegg til Aukra kommune. Det lokale næringslivet har no høve til å profilere seg utover øysamfunnet, og ikkje minst vise alt som blir skapt i Midsund. Sommaravisa vil elles bli krydra med reiseliv, folkeliv og spennande saker.