Lokalavisa Midsundingen har spurd Fjord1 kvifor det tok så lang tid å få på plass ei løysing i ferjesambandet Solholmen-Mordalsvågen måndag ettermiddag. No har vi fått svar frå ferjeselskapet. – Vi har 4 timar responstid når fartøy går ut. Vi prøvde å finne ei løysing på bilferja Ivar Aasen, som vi ikkje lukkast med, seier operativ leiar Simen Reksten Solheim i Fjord1.