I helga har det vore arrangert samlagsmeisterskap i felt for skyttarar i Romdal samlag. Dette skjedde på anlegget til Rakvåg Skytterlag. Det var mykje folk og god stemning med totalt 50 skyttarar, fordelt utover i alle klasser. Det var kiosksal, med alt frå kaffi og kaker til sodd frå blide damer.