Ein lengre varmeperiode gjer at ein bør vise varsemd dersom ein planlegg ein tradisjonell feiring av sankthansaftan i år. Sidan skogbrannindeksen er såpass høg ønsker brannvernet å minne folk på at brenning av sankthansbål må gjennomførast på ein forsvarleg måte.