Emma Stølen Godø (21) fekk ein glimrande seriestart i sin nye klubb, LSK Kvinner FK. Lillestrøm låg under 0-2 før dei snudde kampen og vann 3-2 på heimebane i LSK-hallen søndag. Stølen Godø, frå Midsund, skåra målet som gav 2-2 etter 68 minutt av kampen.