Midsund sine fotballherrar får ein tøff seriestart i 4. divisjon. I dei to første kampane ventar to opprykksfavorittar. Først er det Dahle frå Nordmøre på heimebane, før turen går til Kristiansund BK2 i den andre serierunda. Trenar Arnt Erik Brakstad har likevel tru på eige lag og går for ein plass på øvre halvdel av tabellen.