Trenar for Midsund sitt A-lag, Jonny Magerøy Godø, er klar på at blåtrøyene skal bli betre denne sesongen enn i fjor. I 2022-sesongen vart ny kontrakt i divisjonen sikra i siste serierunde. Det vil trenaren unngå denne sesongen, og heller sjå fleire lag under seg enn over seg ved sesongslutt. I kveld klokka 19.00 er det seriestart mot Sunndal.