Sektoren melder eit meirforbruk på 96,5 millionar kroner som årsprognose. Samla budsjett for året er på 891,5 millionar kroner og varsla meirforbruk utgjer dermed 10,8 prosent av budsjettramma til sektoren. Det kjem fram i økonomirapporten per 2. tertial 2022. Saka skal opp i Hovudutval for helse og omsorg 3. oktober.