I dag hadde sangkoret Øyklang sin første øving i det nye året. 13 midsundingar hadde møtt opp i kantina på Midsund omsorgssenter, den faste øvingsplassen. Vanlegvis er dei om lag 20 medlemmer i koret, men no vil dei gjerne ha med fleire.