– Statens vegvesen har gjort ein god jobb med tilleggsutgreiinga av Romsdalsaksen. No har vi fått gått gjennom og oppdatert kunnskapsgrunnlaget for alle dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden. Det har vore viktig. Statens vegvesen konkluderer med at den løysinga som ligg i Nasjonal transportplan, er den beste. Det er vi samd i, og dermed ligg Møreaksen fast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.