– Denne regjeringa skal sikre ein drosjenæring med ordna forhold, der kundane er trygge, og sjåførane har ein jobb dei kan leve av. Vi skal ha ein trygg pasient- og skuletransport, og eit godt drosjetilbod i heile landet. Vi skal stanse det frisleppet vi no ser i drosjemarknaden, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.