I framlegget til økonomiplan 2023-2026, er det for 2023 sett av om lag 650 mill. kroner til drift og vedlikehald av fylkesvegane i Møre og Romsdal. Dette er om lag 200 mill. kroner mindre enn det som skal til for å unngå at vedlikehaldsetterslepet aukar også neste år.