Trafikken på fylkesvegferjene tok seg opp i 2021, men er samla sett framleis ikkje over nivået som var før koronaen. Sambandet Solholmen-Mordalsvågen har hatt ein nedgang på 0,7 prosent frå 2019 til 2021, medan sambandet Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya har hatt ein nedgang på 2,1 prosent i det same tidsromet.