Talet på køyretøy på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal er på veg oppover etter koronaen. Dette gjeld også ferjesambandet Solholmen-Mordalsvågen. Men etter årets ti første månader er biltrafikken framleis under nivået før pandemien.