Midsundtrappene er i utvikling og det blir arbeidd med utviding av trappene til Rørsethornet. Lokalavisa har tidlegare skrive om uthenting av stein med helikopter. No er desse steinane i ferd med å kome på plass mot toppen av Rørsethornet av dyktige sherpaer. Denne trappa er framleis stengt, frå Sherpanakken og opp til toppen.