I dag var det allmøte for dei om lag 100 arbeidarane ved Romsdal Processing AS. Der fekk dei vite at dei er permitterte frå nyttår. Årsaka er regjeringa sin skattepakke som vart lagt fram 28. september, som inneheld ein ny grunnrenteskatt for havbruksnæringa.