Røde Kors i Møre og Romsdal har hatt ein auke i oppdrag denne påska. Totalt hadde hjelpekorpsa 74 oppdrag i løpet av påska. Mykje fint vêr gjennom store delar av påska har ført til mykje utfart i heile fylket. Totalt har det vore 49 ulike skader ved alpinanlegga i fylket.