Totalt mista 88 personar livet i drukningsulukker i Noreg i 2022. Det er ein auke på 17 prosent frå 2021, då 75 personar omkom, viser Redningsselskapet sin drukningsstatistikk. I tillegg omkom åtte norske statsborgarar i drukningsulukker i utlandet i fjor.