Sist helg vart det arrangert innandørs Landsskytterstevne (LS) for første gong. Rakvåg Skytterlag stilte med fleire skyttarar og ein av desse skaut så godt at ho vart Landsmeister. Helene Strand vann klasse 1, i konkurranse med 60 andre skyttarar frå heile landet.