Molde kommune delar no ut sikre koronatestar til arbeidsgjevarar i Molde kommune. Dette er såkalte PCR-testar, det vil seie same type testar som blir tatt på teststasjonen. Dette er eit prøveprosjekt. Arbeidsgjevarar som ønskjer å delta skal dele ut testane til sine tilsette, som testar seg sjølv eller eit familiemedlem når dei får symptom på korona.