Sist veke arrangerte Møre og Romsdal Senterparti fylkesårsmøte i Kristiansund. I møtet vart Marit Nerås Krogsæter (29) frå Ålesund vald til ny fylkesleiar etter Tove Henøen. Henøen har leia Senterpartiet sidan 2018. Krogsæter har lang erfaring frå fylkespolitikken, og er i dag gruppeleiar i fylkestingsgruppa.