Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) vil sikre norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. Regjeringa har starta arbeidet med å lage eit lovutkast, og no oppfordrar havministeren partane i maritim næring til å kome med innspel og bidra til å finne gode løysingar saman på spørsmåla som gjenstår.