Molde Krf hadde årsmøte 14. februar. Talar var Randi Walderhaug Frisvoll. Ho var innom mange aktuelle politiske saker i sin tale, mellom anna rassikring, Møreaksen, gratis bussbillettar, ferjebillettar og korleis få eigarskap til saker ein brenn for. Dette var saker som engasjerte, og mange kom med innlegg.