Ordførar Torgeir Dahl stod for opninga av parken ved Antonbua i pøsande regnver. Når snora var klipt, kom derimot sola fram, og om lag 200 personar kosa seg i den nye parken. Det mest oppsiktsvekkande i talen til Dahl er at Romsdalsmuseet skal inn i Antonbua. Budskapet fekk stor applaus blant dei frammøtte.