Ein delegasjon frå Senterpartiet i Møre og Romsdal var torsdag i Oslo for å møte sentrale partikollegaer i samband med det nye inntektssystemet for fylkeskommunane. Odd Helge Gangstad, varaordførar i Molde kommune, var med på turen. – Vi har avverga den første store krisa, men mykje står att, seier han.