Det har blåse gjenstandar frå taket av den nye fleirbrukshallen som er under bygging på Skeidvoll. Det er sterke vindkast i øysamfunnet i dag, og fylkesvegen forbi hallen er stengt på grunn av fare for at gjenstandar skal treffe bilar og folk som passerer området.