NRK-profilen Julie Strømsvåg og kollega Ida Yasin gler seg til å kome på besøk til Midsund i samband med NRK-Sykkelsommer. Dei skal lage ein time program frå scenekanten ved Midsund Marina torsdag kveld. – Kom og bli med! er oppmodinga frå Strømsvåg til alle midsundingar. Før det kjem NRK med sykkel-toget sitt med ferja til Solholmen, for å sykle Innsidevegen til Midsund sentrum.