I samband med NRK-besøket har ei gruppe entusiastar tysdag kveld gjennomført eit møte for å planlegge ein dugnad for å stelle Midsund sentrum i stand til denne hendinga. Det var representantar frå Midsund Rotaryklubb, Midsundtrappene, Midsund Marina, Midsund Næringsforum, Midsund IL Fotball, Midsund IL Handball og Molde kommune tilstades på møte i Midsund Marina.