«Næringsfond for Midsund» er øyremerka bedrifter i tidlegare Midsund kommune. Fondet skal stimulere til nyskaping og nye næringar, og sikre eksisterande arbeidsplassar. 8 bedrifter har no fått tildelt totalt 462.545 kroner. Lokalavisa Midsundingen er mellom dei utvalde søkarane.