12.-13. mars var det endeleg duka for strykeseminar att! Pandemien sette ein stoppar for fjorårets arrangement. Kulturskulane i Romsdalen samla alle fiolin- og celloelevar i fire ulike orkester i Åndalsnes i helga, der dei fekk øve ilag med profesjonelle instruktørar.