Mellomtrinnet på Midsund skule leverte ein feiande flott og viktig musikal om positivt skulemiljø i Storsalen på skulen torsdag kveld. I ein fullsett sal med foreldre, føresatte og familie fekk elevane frå 5. til 7. klasse fram viktige budskap, som traff innertiar.