Harald Espeland sluttar som dagleg leiar i Møreaksen AS. Han har i fleire år kombinert fleire deltidsjobbar, og no har ein av desse jobbane blitt fulltidsjobb. Styreleiar i Møreaksen AS, Odd Helge Gangstad, takkar Espeland for ein formidabel jobb. Han fortel at dei alt har fleire gode kandidatar til å ta over den viktige jobben.