Tal frå Utrykningspolitiet (UP) viser at 131 personer er melde for ruspåverka køyring i Møre og Romsdal politidistrikt, frå januar til og med mars. Det er éin meir enn på same tid i fjor. På landsbasis har 2980 bilførarar blitt melde for ruspåverka køyring i første kvartal 2023, melder Nils Erik Gyland, kommunikasjonsrådgivar i Rusfri Trafikk.