Moldejazz 2023 tok til måndag 17. juli. Laurdag har du sjansen til å oppleve ein midsunding på scena. Dette bandet er koronababyen til fem gode kompisar og medmusikantar som er sentrale i bandkollektivet og øvingshotellet Whitehouse på Steinnes i Ørsta kommune. Gitarist Klaus Blø er midsunding, sjølv om han no har budd i Volda lengre enn heimstaden.