– Vi ser ei stor bølge med covid-19 i kommunen som har vart i om lag 2 veker no. Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med råd om 5. dose til alle over 75 år. Det må gå minst tre veker frå ein er sjuk til ein kan få vaksinen. Men kombinasjonen gjennomgått sjukdom og vaksine gir eit veldig godt vern i møte med framtidige variantar, seier assisterande kommuneoverlege Marit Teigen Hauge.