Hovudutval for oppvekst, kultur og velferd i Molde kommune vil ha sak om gratisprinsipp i skulen opp til ny behandling. Saka er aktualisert etter at ein planlagt klassetur for 10. klasse ved Midsund Skule denne våren har fått tommel ned frå kommunen. Rektor ved Midsund Skule har på vegne av foreldre søkt om dispensasjon – som kommunen meiner det ikkje er grunnlag for å imøtekome.