Laurdag 22. oktober opna Midsund Idrettslag "Verdas lengste samanhengande steintrapp" til Rørsethornet. Midsundtrappene er utvida og ordførar Torgeir Dahl klipte snora. Det vart ein draumedag for prosjektleiar Kolbjørn Stølen og alle dei som hadde teke turen til Sherpanakken for den offisielle opninga.