Ordførar i Molde kommune, Torgeir Dahl, opna Midsundkonferansen med å dele ut 3,5 millionar kroner til NAIS. – Gjennom bruk av min sommarfullmakt forpliktar Molde kommune seg til 3,5 millionar kroner over 3 år, men eg veit at både GassROR, Aukra kommune og Fylkeskommunen har stilt seg positive til å vere med å delfinansiere eit slikt prosjekt, seier Dahl.